Arego
kw:!support_us

Ivar tatt ut på NM regionlag U17 sandvolleyball

16.06.2016 |sa

18.-20. juni vert NM regionlag U17 sandvolleyball arrangert i Stavanger. Ivar Utbjoe Andersland frå Stord er tatt ut i lag med fem andre spelarar frå Nyborg og Sotra. I NM for regionlag stiller kvar region med to lag, der spelarane kan rokere mellom laga. Litt innfløkte reglar, som du kan lese meir om på arrangementssida

NM går i dagane før Beach Volleyball Continental Cup i Stavanger, og finaledagen for NM på måndag 20. juni vil gå i sentrum. Innleiande kampar laurdag og søndag er lagt til det nye sandvolleyballanlegget ved Ynglingen. Arrangør er KFUM Stavanger. 

Me ønskjer lykke til!

Her er eit glimt frå kamp mot Lars og Peter frå Sotra i RM U19 sist helg. 

Kontakt
Kalendar