Arego
kw:!support_us

Inspirasjonsøkt med ToppVolley Norge

31.10.2013 |sa

Arvid Wigestrand og Håvard Utbjoe Andersland frå ToppVolley Norge gjennomførte ei flott trenings- og inspirasjonsøkt i Gamlehallen i kveld. Om lag 20 spelarar frå U17- og U15-laga fekk nyttige tips til å betre grunnteknikken for fingerslag, baggerslag og smash. Veldig nyttig og for frammøtte trenarar for yngre lag. Her var og eit og anna som seniorlaga kunne tatt med i treningsarbeidet!

Volleyball er eit teknisk utfordrande spel, men Arvid viste med enkle og effektive øvingar korleis den enkelte kan forbetre grunnteknikken. Det er inspirerande å få slike besøk, og vi ser fram til neste gong vi kan invitere TVN innom oss her på Stord!

Her er nokre glimt frå samlinga: 


Arvid Wigestrand og Håvard Utbjoe Andersland frå ToppVolley Norge i Sand.

Ein fornøgd gjeng med svært mykje ballkontakt over to timar!

 

Kontakt