Arego
kw:!support_us

Heidersmerke i bronse til volleyballgruppa

16.04.2015

Stord IL hadde årsmøte 15. april, med utdeling av heidersmerke som siste post på programmet. I år fekk volleyballgruppa heidersmerke for Åsmund Storebø og Svein Andersland. Åsmund er tidlegare leiar som heldt oppe gruppa på byrjinga av 2000-talet, og har gjort ein stor jobb med styre- og dugnadsarbeid over fleire år. Svein syslar med volleyballgruppa både før og no. Det er kjekt å bli satt pris på av idrettslaget! 

Reidar Nesse (friidrett, bronse), Åsmund Storebø (bronse), Kjell Storelid (skeiser, gull) og Svein Andersland (bronse). Bjarte Salomonsen og Jan Kåre Pedersen i handballgruppa fekk og tildelt merke, men var ikkje tilstades. 

Kontakt