Arego
kw:!support_us

God sesongstart i 2. divisjon

18.10.2015 |sa/øls

Referat frå herrekamp i volleyball 2.divisjon, Stord Gneist

Søndag 18.oktober starta sesongen i 2.divisjon for stordherrane, etter at dei forrige sesong rykka opp i frå 3.divisjon. Sesongen sin første kamp var på heimebane og på andre sida av nettet stod Gneist, fjorårets vinnar av 2. divsjon. Gneist mangla eit par viktige spelarar, men det var likevel eit rutinert lag Stord møtte.

Kampane i 2.divisjon blir spelt best av 5 sett, eller sagt på ein annan måte, førstemann til å vinne 3 sett. Stord opna svært bra og vann dei to første setta komfortabelt. Gneist vakna til i 3. settet og fekk Stord ut av komfortsonen sin. Det vart eit jamnt sett som Gneist til slutt vann 23-25. Stord fekk no oppleve eit mykje større servepress mot seg enn det dei har vore vane med i 3.divisjon og dette byrja no å påverke spelet. Gneist vann også det 4. settet og det vart då eit siste og avgjerande sett, kalla tie-break. Stord var lystne på siger i sin første kamp i 2. divisjon og gav alt i det siste settet, noko som førte til siger med settsiffer 15-11 og full jubel på banen og på tribunen.

Stord sine spelarar har no fått merka kva som krevst i 2. divisjon og har no ei veke med trening på seg til å bli betre på dei områda dei sleit på i dag, då dei neste helg skal til Bergen og spele to bortekampar mot BSI og BSI 2.

Stord-Gneist 3-2 (25-17, 25-21, 23-25, 22-25, 15-11)

Referat frå damekampar i 2. divisjon, Stord-Nyborg 2, Stord-Askøy

Storddamene sesongdebuterte med to kampar søndag 18. oktober. I første kamp møtte dei sterke Nyborg 2. Bergenslaget har ein brei og ung stall, og drog i land ein klår 3-0 siger. Feilprosenten for storddamene vart totalt sett for høg til at ein klarte å presse og utfordre eit jamnt og godt Nyborg-lag.

Seinare på dagen var det kamp mot Askøy, eit lag som er kjennemerka med alltid å få ballen opp og i spel. Første settet gjekk greitt til Stord med 25-20. Andresettet såg og til å gå greitt, men her glapp det på slutten og Askøy vann dette 26-24. I tredje sett kom Stord tilbake og tok det 25-23 etter mykje bra spel. Det var da klart for eit fjerde sett, der spelet til Stord datt litt ned i kvalitet med tap 15-25. I femte og avgjerande sett følgde laga kvarandre til om lag 12 poeng, da drog Stord frå i dei siste viktige ballvekslingane og vann 15-12 i settet og kampen 3-2. Flott å få med seg ein siger i sesongstarten.  

Stord-Nyborg 2 0-3 (19-25, 18-25, 23-25)

Stord-Askøy 3-2 (25-20, 24-26, 25-23, 15-25, 15-12)

FOTOALBUM HER

Kontakt
Kalendar