Arego
kw:!support_us

Fjerdeplass til Stord i Åpningsturneringen

27.09.2015 |sa

Stordherrene gjorde sine saker bra i Åpningsturninga i går. Dei vann si pulje etter 2-0 mot Kvernbit, 2-0 mot BSI og 2-1 mot unggutta i Nyborg 2. I semifinalen møtte dei eit toppa Sotra-lag. Vann første sett rimeleg greitt, før personlege feil og trøtte bein snudde kampen 1-2 i favør av Sotra. I bronsefinalen møtte Stord eit sterkt lag frå Førde, inkl to 1. divisjonsspelarar. Tapte 1. sett. I 2. sett spelte Stord veldig bra volleyball og tok dette 25-23. Likevel tap 10-15 i 3. sett. Totalt sett ei nyttig gjennomkøyring, der trenar Øyvind Storebø prioriterte å prøve spelarar i ulike posisjonar før resultat. Så var det fleire som fekk prøve seg som både kant, midt og diagonal. Uansett er fjerde plass av 13 lag well done! 

Bak frå venstre: Vegard Vatna Skjetne, Anders Kalleklev Voreland, Jan Fredrik Andersen, Anders Haga, Erik Nilsen Onarheim. Foran frå venstre: Øyvind Langballe Storebø (trenar), Ole Sæbø Sæbøvik, Ivar Utbjoe Anderland. Torbjørn Nedrebø Søreide måtte reise litt tidlegare. 

Kontakt
Kalendar