Arego
kw:!support_us

Fellessamling med Gilje minivolleyball

16.03.2016 |sa

Måndag 14. mars vart det arrangert felles trening og interne kampar mellom Stord og minivolleyballmiljøet på Gilje. På Gilje allaktivitetssenter har primus motor Hege Sønstabø med fleire fått i gang ei god volleyballgruppe med mellom 20 og 30 aktive spelarar. På fellessamlinga kom om lag 15 spelarar over bruene, og til saman 32 gutar og jenter hadde ei aktiv og flott trening.

Det er kjekt å møte andre miljø og spelarar, så me håper det blir fleire slike samlingar. Stord kjem gjerne over til Gilje!

Her er nokre glimt frå samlinga: 

Mange gode volleyballspelarar i denne flotte gjengen!

Kontakt
Kalendar