Arego
kw:!support_us

Reglement for Kværner HobbyVolley

Følgjande reglar gjeld for kampavvikling i Kværner HobbyVolley:

1. Tre setts kampar. Dei to første setta går til maks 17 poeng, treng ikkje vinnast med to poeng. Tredje sett går til 15 poeng. Tredje sett må vinnast med to poeng, men ikkje lenger enn til 17 poeng.

2. Dømminga er mild, med unntak av overtramp av midtstrek under nett og nettberøring (det er ikkje lov å berøre nettet). Det er overtramp dersom heile foten eller handa er over streken, eller når andre delar av kroppen er på motstandaren sin banehalvdel.

3. Arrangør dømmer alle kampar. Merk at det i hovudsak er yngre dommarar som dømmer. Me oppmodar om å ta omsyn til desse. Til finalekampar vert eldre dommarar prioritert. 

4. Laga kan bytte spelarar anten ved at dei roterer inn kvar gong dei bytter server, eller at to og to spelarar bytter innbyrdes.

5. I mix-klasse skal det vere minimum tre damer på banen. 

6. Heile baklinja er servefelt (i Gamlehallen er det lov å tråkke på baklinja med ein fot ved serv).

7. Nettouch på serven er lov.

8. Det er ikkje lov å blokke serven.

9. Det er lov å sparke ballen, men ikkje på serve.

10. Oppvarming må skje før oppsett kamptidspunkt.

11. Kampoppsett vert sendt kontaktperson for laget og lagt ut her. 

Kontakt