|
Skrive av Svein Andersland
|
|
Tuesday 18. May 2010 |
|
23 spelarar frå G14, G16 og J16-laga møttes i dag på sandvolleyballbanen på Vikahaugane for sesongavslutning. Kjetil hadde ordna med grillmat - pølser, karbonadar, salat og brus - og sørga for at alle fekk ein bit i magen i mellom slaga på banen. Fire lag kjempa om heider og ære, men det vart Kjetil, Endre Bjørn og Svein som tok ein knusande siger til slutt, sjølvsagt! Stor takk til alle frammøte og takk for ein framifrå volleyballsesong. Det er flotte ungdomar vi har i klubben! Her er fleire bilete frå kvelden.  | Ein flott gjeng!
| |
|
Sist oppdatert ( Wednesday 19. May 2010 )
|
|
|
Skrive av Svein Andersland
|
|
Tuesday 11. May 2010 |
|
8.-12. august arrangerer kretsen årets sommarleir på Radøy. Dette er ein populær volleyball-leir med solide trenarkrefter og gode høve for å bli kjent med spelarar frå andre klubbar. Overnatting er på Radøytunet. Håvard (G16) er påmeldt (og Ingeborg?) og vil gjerne ha med fleire. Meir informasjon på kretssidene. |
|
|
Skrive av Svein Andersland
|
|
Sunday 21. March 2010 |
|
G14-laget reiste langt men godt til Øystese i fjerde og siste serierunde på laurdag. Med tre strake sigrar sikra dei topplassen i 2. divisjon og gjeve gullmedaljar rundt halsen + pokal. Gratulerer!  | | Glade gutar i Øystese: Bak: Håvard, Thorbjørn, Erlend. Foran: Svein, Eshan, Simon. Foto: Kjetil |
Klikk "Les meir" for kampresultat og tabell. |
|
Sist oppdatert ( Wednesday 24. March 2010 )
|
|
Les meir…
|
|
|
Skrive av Svein Andersland
|
|
Sunday 14. March 2010 |
|
Siste serierunde for 16- og 19-årslaga vart arrangert på Vikahaugane i helga. Sidan pokalar og medaljar vert delt ut i denne serierunden vert kampane ekstra utfordrande og spennande. J16: I 2. divisjon spelte Stord seg fram til semifinale etter to 2-0 sigrar mot Rossvoll 3 og St. Olav. I semifinalen vart det tap 0-2 mot Søre Neset. I bronsefinalen klinte dei til og slo Rossvoll 3 2-0. Gratulerer med flott tredjeplass og bronsemedaljar! I 3. divisjon vann Stord 2 to innleiande kampar og tapte ein. I plasseringsspelet vart det to tap og 6. plass til slutt. G16 spelte fire kampar på laurdag, tapte dei to første, men klarte å snu dei to neste etter å ha tapt første settet. Laget endte til slutt på 5. plass etter å ha slått Sveio 2-1 i plasseringsspelet (15-5 i siste sett!). J19 vann 2. divisjon etter tre strake sigrar mot Rossvoll 3, Sotra og Søre Neset! Gratulerer! (NB! Atterhald om rankingpoeng). Her er 86 bilete frå laurdagskampane. Resultat kjem på kretssidene.  | | G16 i innleiande gruppespel mot Selbjørn. | |
|
Sist oppdatert ( Monday 15. March 2010 )
|
|
|
Skrive av Svein Andersland
|
|
Tuesday 09. March 2010 |
|
Førstkomande helg går siste serierunde for U16/19-laga av stabelen på Vikahaugane. Stord stiller med lag i J16, G16 og J19. 16-årslaga speler laurdag og 19-årslaga på søndag. Informasjon og kampoppsett på kretssidene. |
|
|
Skrive av Svein Andersland
|
|
Friday 05. March 2010 |
|
Sunnhordland mimrar tilbake til herrelaget i 1995 - det var tider det! Klikk her |
|
|
|
<< Start < Forrige 1 2 3 4 5 6 7 8 9 10 Neste > Siste >>
|
| Resultat 82 - 90 av 135 |