|
Skrive av Svein Andersland
|
|
Tuesday 08. May 2012 |
- Det nye styret har hatt sitt første konstituerande møte - referat her. Møteplan vidare for våren er 14. mai og 11. juni. Meld gjerne saker inn til styret.
- Referat frå årsmøtet 2012
- Damelaget har fått tilbod om å overta plassen til Lyderhorn i 2. divisjon.
- Håvard G16 er tatt ut til regionlagssamlinga i Sveio 19.-20 mai - meir info
- Regionsting i Bergen 12. mai. Svein møter for Stord - meir info
|
|
|
Skrive av Svein Andersland
|
|
Monday 23. April 2012 |
|
Det vart ein flott NM-tur til Oslo/Kolbotn for Stord G16 i helga. Gutane klarte å vinne ein kamp mot Lierne (N-Trøndelag) i plasseringsspelet og spelte jamnt i puljespelet mot Flint (Tønsberg). Periodevis veldig bra volleyballspel, og mykje bra å bygge vidare på. Laget endte på ein 15. plass. Det høyrer med at dei to beste laga i vår pulje - Dristug og Austrått - til slutt også spelte finalen, med Dristug som NM-vinnar. Her var mykje å lære av å spele kampar mot andre og betre lag, og ikkje minst ein flott gjeng å reise i lag med! Ein stor takk til støtteapparatet Atle Søreide og Kjetil Djuve (oppmann), samt sponsorane Engelsen Bygg AS, Engelsen Entreprenør AS, Akvator AS, Wärtsilä, Utbjoe Eigedom og Fylkesnes Bil.
Fotoalbum lagt ut her. |
|
Sist oppdatert ( Saturday 28. April 2012 )
|
|
|
Skrive av Svein Andersland
|
|
Wednesday 18. April 2012 |
|
Stord G16 står foran ei historisk helg med debut i NM U16, Oslo. Avreise i morgon ettermiddag etter skuletid - og vi er klare som egg! Innleiande kampar på fredag mot Flint, Austrått og Dristug. Målet er å kome vidare til åttandedelsfinalar på laurdag. Og så vert det jo kjekt på banketten ;-) Arrangementssida her: Koll2012.no |
|
|
Skrive av Svein Andersland
|
|
Friday 13. April 2012 |
|
Litt info om aktuelle arrangement framover. - Ungdomsskulemeisterskapen 4. mai i Bergen, påmeldingsfrist 27. april - meir info her
- ToppVolley sommarleir 22.-26. juni, Sand i Ryfylke - meir info her
- Sommarleir i regi av regionen/Rossvoll,, 10.-14. august i Øystese
|
|
Sist oppdatert ( Tuesday 24. April 2012 )
|
|
|
Skrive av Svein Andersland
|
|
Saturday 31. March 2012 |
|
Stord G16 skal delta i NM for første gong. Info vil etter kvart bli lagt ut her. - Koll står som arrangør, og dei har laga ei eiga side for NM U16 2012.
|
|
|
Skrive av Svein Andersland
|
|
Monday 26. March 2012 |
|
Det gjekk endeleg stang inn for damelaget som vann sine to siste heimekampar i helga: Stord - Askøy 3-1 (18-25, 25-22, 26-24, 25-10) og Stord- Rossvoll 3-1 (25-9, 18-25, 25-20, 27-25). Me krysser fingrane for at det ikkje er manglande deltaking på sist rankingturnering som gjev utslaget for eit eventuelt nedrykk! |
|
|
|
<< Start < Forrige 1 2 3 4 5 6 7 8 9 10 Neste > Siste >>
|
| Resultat 1 - 9 av 135 |